onsdag 11. januar 2012

Snø og sånn...

Eg må innrømme at eg trivst best med at snøen held seg i høgfjellet, sånn at den kan oppsøkast ved behov, og ikkje er til plage rundt huset og på vegane... ;) Søndag var det meldt både opplett og antydning til sol, så då tok vi turen til snø og skiføre oppe i høgda!

Mor og datter!

Som de ser, hadde vi ein nydeleg dag i snøen! Og så er det jo så praktisk når vi berre kan pakke alt vinterutstyr i bilen og forlate den etter ei stund. Snøen altså! ;)


Nei, nu er det kvelden...

Zo long...

onsdag 4. januar 2012

Eigenmekka julepønt!

Det skjer ikkje kvar dag, og heller ikkje kvart år... men, i år kjente eg at inspirasjonen kom sigande sånn i siste liten, så eg heiv meg rundt og kjøpte både svibel, tulipanar og oasis på siste handlerunde før høgtida. Etter litt skjering og styr, var eg ein tur ute på verandaen og plukka mose. Praktisk med betong altså! Konglar hadde eg liggande etter at Emil plukka eit lass til meg i sommar, så.. voila!

Støvtørking...

Sånn gjekk det! Denne voldsomme blogginga eg skulle ta til med, rann ut i sanden, og vel så det. Men nytt år og alt det der... no skal det tørkast støv av bloggen!

Zo long!

onsdag 13. april 2011

grand opening!

Det er så godt som påske, og i tillegg til å pepre huset med gult, har eg rigga meg til med ein blogg..

...og kva er då meir naturleg enn å pangstarte med framsyning av avleggarane sine flosshattkyllingar? Finaste eg har sett iallefall!

No må eg visst utforske litt meir her.. mange utformingsspørsmål å gruble på!

Zo long!